Treningsløp i orientering 31. juli.

Postet av Asbjørn Heggem den 2. Aug 2025

Kåre, Svein, Tore, Stina og Bjørn før start

Torsdag 31. juli vart det arrangert treningsløp i orientering i Bettenmarka, med start og mål på Betna stadion. Tore Heggem var løypeleggar og arrangør. Han hadde lagt ei lang løype på 3,5 km, ei kort løype på 2,2 km og ei nybegynnarløype på 1,1 km. Det var utrygt for litt regn, men veret heldt seg fint under løpet. Det stilte 13 deltakarar i dei tre løypene, og vinnar i langløypa var Frank Aasgård fra Tingvoll. Neste løp er om 14 dagar i Halsamarka, med Tore T. Halse som arrangør.

Resultat:

Lang løype, 3,5 km:

1. Frank Aasgård              38.53

2. Svein Stolsmo              43.04

3. Frank Åge Kippernes   47.10

4. Bjørn Berger                52.53

5. Tore T. Halse            1.07.34

6. Asbjørn Heggem      1.08.42

7. Kåre Reiten              1.09.10

8. Jørgen Holsetstuen  1.35.32

9. Iren Braseth              1.47.09

Kort løype, 2,2 km:

1. Stina Elfving              1.01.18

2. Marit Wiik                  1.20.11 (mangla post)

Nybegynnarløype:

1. Ingeborg Aasgård        30.16

2. Arnfinn Wiik                 30.22



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.