Vellukka padlekurs i herleg sommarver

Postet av Einar Oterholm den 1. Jun 2018

Vi var svært heldige med veret på det første padlekurset denne sesongen. Strålande solskin og rundt 20 grader i lufta! 

Robert Sørli var instruktør for åtte deltakarar. Nokre av deltakarane hadde litt erfaring, og for nokre var det første turen i kajakk. Etter den første tørrtreninga på land bar det på sjøen og med kurs for Bårdsetøya. Deltakarane fekk prøve ulike teknikkar, korleis ein kunne manøvrerer kajakken, korleis komme seg opp ut av kajakken og opp i den igjen dersom ein hadde rulla rundt og også kameratredning. For å få "Vått kort" måtte ein oppleve å rulle rundt, sjølvsagt under trygg kontroll. 

Kurset gav utan tvil meirsmak, og med "Vått kort" har dei som er medlemmar i Halsa il gratis tilgang til kajakkar, kanoar og padlebrett (SUP).

Det er enno ledig plass på det neste padlekurset som blir torsdag 14.06.2018. 

Etter kurset padla Robert heim igjen. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Einar Oterholm