Vellukka padlekurs

Postet av Einar Oterholm den 5. Jun 2015

Det første padlekurset med Robert Sørli som kursleiar og Bjørn Sæther som hjelpar var vellukka. Til og med vergudane var så nokon lunde medgjerlege. Deltakare fekk først ei grei gjennomgang av det mest grunnleggjande når det gjeld kajakktypar og korleis ein skal oppføre i kajakken. Deretter fann dei kvar sin kajakk, tilpassa denne og la frå land. Ulike teknikkar vart forklart, demonstrert og prøvd. Etter ein padletur rundt Bårdsetøya var tida komen for rulling og kameratredning. Det heile vart avslutta med utdeling av våttkortet.

Vi gratulerer
Thomas Brendset, May Settemsdal, Kristian Megård, Gaute Moen, Roger Reppe,
Gro Bente Reppe, Anita Oterholm, Kjetil Svendsen, Gro Orre, Jostein Sørflaten,
Thomas Fossen og Maria Larsen med våttkortet.
Dei alle har fylt kravet som er sett for å få låne kajakkar - og kan sjå fram til mange trivelege turar i Skålvikfjorden og andre stader.

Vi takkar også Robert Sørli og Bjørn Sæther for vel gjennomført kurs.

For dei som ikkje kom med denne gongen vil få ein ny sjanse - vi planlegg nytt kurs i løpet av sommaren.


































Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline